chevron_left
Tilbake

Hans Andreas Roaldsnes

military_tech
Bronsemedalje
Møre og Romsdal
March 3, 2015

Hans Andreas Roaldsnes

Redda livet til søstera

Snartenkt storebror redda livet til søstera då ein hund gjekk til angrep. Fredag fekk femtenåringen si velfortente heltemedalje.

Heltemedalje

SJÅ TV-SAKA: Hans Andreas Roaldsnes blei fredag heidra for innsatsen han gjorde då han redda livet til søstera si. Foto/Redigering: Øyvind Sandnes

Journalist Silje Steinnes Bjerknes
Journalist Gunhild Sætre

Publisert 10.04.2015, kl. 21:03 Oppdatert 10.04.2015, kl. 21:05

Storebrør er ofte heltar for yngre sysken. Og når storebror på 15 i tillegg reddar livet til søstera då ho vart angripen av ein hund, får han Carnegies heltemedalje.

For Hans Andreas Roaldsnes er verkeleg ein helt. Utan å tenke på eigen tryggleik redda han søstera si ut av gapet på ein diger hund.

– Det er litt ekkelt å tenke på kva som skjedde og kva som kunne ha skjedd. Det gjekk heldigvis bra, og det er eg veldig glad for, seier femten år gamle Hans Andreas.

Svært alvorleg

Det var i november under ein open gard på Blindheim yttarst på Vigra at ulukka skjedde. Fleire barn hadde gått inn i løa for å ta ut ein stor hund som var innelåst der. Det var då alt gjekk gale.

Lauritz Godøy viser korleis hunden tok tak i Tora.

– Hunden beit ho i skallen og nedover, så ho hang i munnen til hunden, fortel Lauritz Godøy som var vitne til hendinga.

Han illustrerer korleis hunden beit tak i den vesle jenta.

– Hunden rista henne rundt og det såg svært alvorleg ut, fortel han vidare.

Godøy var svært imponert over den heroiske innsatsen til Hans Andreas, som eigentleg er redd hundar.

– Når han såg systera henge på den måten mista han all redsel og gjekk rett bort til hunden. Han greip den i strupen og fekk hunden til å sleppe taket, seier han.

Heidra

Lisjesøster Tora fekk fleire store kutt i hovudet. Også i skuldra fekk ho eit stort bit. På sjukehuset måtte ho sy heile 18 sting.

– Eg har tenkt at eg er heldig som blei redda. Eg var veldig glad for at han kom, seier Tora Roaldsnes.

Tora Roaldsnes er svært gald for at broren kom og redda henne.

Midt i skuletida fredag var gymsalen på Valderøy ungdomsskole fullstappa av vener og familie då Hans Andreas på 15 år fekk sin velfortente medalje frå Carnegies Heltefond.

Han er helten på skulen og ikkje minst for Pappa Pål som kom til først etter den dramatiske redninga.

Pål Roaldsnes er stolt av sonen.